– Det trengs eit treningssenter i kvar kommune, når me tenkjer på kva helsegevinst det gir. Då eg bestemte meg for å drive som personleg trenar på heiltid, og oppslutninga var bra, kom tanken om å etablere ein fast base for trening på Hjelmeland, fortel gründeren som opphavleg er frå Danmark, men no har budd på Fister i 30 år. Ho og ektemannen Trond Sandvik er sjølv aktive, og har alltid engasjert seg i idrettsmiljøet lokalt.
Etter kvart tok dei over Hjelmelands–avdelinga til Stas Ryfylke, og satsar no for fullt på å bygge opp sitt eige treningssenter på Sandetorjå på Hjelmeland. Anita Topp Sandvik brenn for at folk skal trivast med trening og at dei skal ta vare på seg sjølv og kroppen sin.
– Dette skal vere ein plass for alle, for den som treng å bli motivert, den som treng ein sosial møteplass, den som vil trene åleine, den som ikkje er i form, eller den topptrente.
Treningssenteret opna 9. mars, både i forkant og etterpå har det vore travle dagar for Anita og ektemannen Trond, som heiar på kona og er ein viktig støttespelar for gründerprosjektet. Etter den første månaden med drift rundar dei 35 nye medlemmer, i tillegg til dei 61 medlemmene som var der frå før.
– Eg vil tilby trening for alle på Hjelmeland, eg håpar dei som trenar på TOPP Treningssenter vil finne treningsglede, få motivasjon og føle seg velkomne her, meiner treningsgründeren.
– Dei som kjem til senteret for å trene skal få god hjelp som gir resultat, Anita ynskjer å vere mest mogleg til stades for kundane sine.
– Eg håpar at eg kan skape ein sosial plass der folk kan trene, og ikkje minst ta ein kaffi – eller tekopp etterpå.
Senteret tilbyr ungdomstrening og styrketrening for dei på 62+. I tillegg tilbyr dei spinning, BasisBall, sirkeltrening og styrketrening som passar for alle aldrar og grader av fysisk form.
– Personleg trenar kan vere eit godt supplement for å kome i gang, eller for å halde oppe den gode treninga og framdrifta. Eg kan hjelpe til med å førebygge skadar viss dei har ein slitsam jobb, endre livsstil, gå opp eller ned i vekt eller hjelpe til eit betre liv med trening, for å nemne noko, seier Anita som har lang erfaring som trenar.
Ho har klare råd til dei som ynskjer å halde seg i form.
– Sett av tid til trening, og hald det ved like. Sjå på trening som viktig i kvardagen din. Kanskje treng du hjelp av ein personleg trenar for å halde motivasjonen oppe, eller få hjelp til å lage effektive program. Hugs å trene styrke, det er det mange som gløymer. Pulstrening er også ein viktig del for mange i alle aldrar.
Sjølv har ho alltid vore aktiv, og mykje av barndommen i Danmark handla om idrett.
Anita Topp Sandvik (43)
Bur: Fister /Grønvik
Sivil status: Gift, 3 barn
Aktuell: Er personleg trenar og dagleg leiar på TOPP Treningssenter som starta opp på Hjelmeland i mars
– Eg hadde foreldre som var glade i handball, fotball og turn. Søster mi og eg vaks nesten opp i idrettshallane som var opne heile dagane. Det var sosialt og gøy, og der var plass til alle.
No har ho ført idrettsgleda vidare til neste generasjon, begge barna er nemleg blitt aktive på idrettsbanen. Sonen Tobias (20) var aktiv skiløpar fram til i fjor, og bidreg no med si erfaring for å lage opplegg til andre ungdommar, og dottera Katarina (17) er for tida utvekslingsstudent i New Zealand der ho blant anna er aktiv med løping. ■