Vil ha blågrøn framtid

Tove Sivertsen meiner det blir viktig at Finnøy og Rennesøy får viktige roller innan blågrøne næringar i den nye og utvida kommunen Stavanger.

Frå
Mitt Ryfylke 2018 2
Mitt Ryfylke 2018 2

Sivertsen er ny dagleg leiar i Ryfylke Næringshage på Finnøy og gler seg no til å bidra til å utvikle veksten i lokalt næringsliv. Aller mest ynskjer ho at næringshagen kan bidra til ei betre utvikling i aktuelle næringar.

– Me skal vere ein tilretteleggar og pådrivar for kunnskaps- og næringsutvikling i Ryfylke, med hovudfokus på landbruk og havbruk som lokalmat, i tillegg til reiseliv og kultur, slår den nye sjefen fast.

– Næringsutvikling, nettverksbygging og mobilisering blir langsiktige tiltak med fokus på blågrøne næringar. Me må i fellesskap definere rolla vår i store og nye Stavanger. Me skal gjere vårt for å bidra til at Rennesøy og Finnøy opprettheld viktige roller innan blågrøne næringar inn i den nye kommunen, meiner Sivertsen.

Sjølv har ho bakgrunn som forretningsutviklar med mykje fokus på kjøpesenterutvikling, sameige og byutvikling. Ho har lang erfaring frå M44 på Bryne, først som marknadskoordinator og etter det seks år som senterleiar. I tillegg er ho engasjert i Stavanger Turistforening som turleiar og styremedlem. I tillegg til ein MBA med spesialisering i internasjonal leiing har ho også til dømes fagbrev som blomsterdekoratør. Ho kjem frå ein gartnarfamilie, og i mange år dreiv ho blomsterbutikk i Madlakrossen.

– Eg er vel eigentleg ein globetrotter og friluftsentusiast, slår Sivertsen fast.

– Me arbeider både med etablerarhjelp for gründerar, arbeid med eksisterande næringsliv, prosjektarbeid og ikkje minst ungdom og entreprenørskap. For tida er me engasjerte i spanande prosjekt som Mathuset, Rogaland Havbrukspark, sentrumsutvikling av Judaberg, konseptutvikling Rygerdronningen for Rødne, Ryfylkekokken og Ryfylke Livsgnist, samt Fjellam frå Ryfylke. Mykje av arbeidet i Ryfylke Næringshage handlar om mat, ikkje overraskande er dei også engasjerte i fagdagen på den årlege Tomatfestivalen på Finnøy.

– I samband med Tomatfestivalen sette me fokus på sirkulærøkonomi og bioenergi. Me trur det blir kjempeviktig for Ryfylke viss me framleis skal ha ei berekraftig utvikling inn i framtida.

Ryfylke Næringshage har også etablert ein node i Bjerkreim Næringshage.

– Her har me på kort tid klart å mobilisere næringslivet til å tenkje samarbeid og vekst. Det blir jobba mykje med nettverksbygging, blant anna med uformelle leiarlunsjar og inspirasjonsmøter. Målet er å inkludere Lund og Sokndal etter kvart, fortel Sivertsen.

Ryfylke Næringshage er opptekne av å jobbe strategisk for å bli blågrøn næringshage.

– Me ligg i Ryfylke, her blir det jobba mykje med landbruk og havbruk. Ryfylke Næringshage er også ei samlokalisering av fleire bedrifter, der dei fleste har fokus innan dette området, fortel ho.

– Målet vårt er at me skal vere endå meir bevisste på å knyte til oss ressursar som kan vere med å løfte og vidareutvikle dei blågrøne næringane.

Ryfylke Næringshage blei stifta i 2007, og er ein del av det landsdekkende næringshageprogrammet til Selskapet for industrivekst (SIVA). Dei har fire tilsette og samlokaliserer 14 bedrifter i næringshagen på Judaberg.

Tove Sivertsen  (54)

Bur: På Tasta, no med orkesterplass til utbygginga av E39
Sivil status: Åleine, men mor til tre flotte vaksne barn som alle har flytta ut
Aktuell: Ny dagleg leiar i Ryfylke Næringshage på Finnøy. ■

Tilbake til toppen