Inviterer til leik

Du finn apparata deira i parkar, byområde, torg og skular. Leikeparkprodusenten Rampline på Talgje har bygt seg opp til å bli ein attraktiv leverandør av leikeapparat i både inn- og utland.

Frå
Mitt Ryfylke 2019 1
Mitt Ryfylke 2019 1

Ekteparet som står bak merkevara Rampline, Vidar og Maria Skavland, er opptatt av kreativ aktivitet som gir born og ungdom god fysisk aktivitet.

– I desse dagar er me i full gong med planlegging og utføring av spennande prosjekt for fleire bykommunar, kjøpesenter og parkar i Noreg, fortel Maria.

Leik er eit viktig bidrag til livskvalitet. Det er vårt utgangspunkt for å tilrettelegge for leik som ikkje begrenser seg til alder eller til funksjonsnivå. Me er engasjerte i inkluderande design, det vil seie at ein legg til rette for at alle skal kunne inkluderast i leiken, fortel ei engasjert Skavland. Dei siste åra har dei opplevd at tankane og vyene blir godt mottatt i marknaden. Frå å levera enkeltprodukt prosjekterer dei nå heile prosjekt og konsept saman med landskapsarkitektar.

Rampline utviklar leikeapparat som skal fremme soialisering og livskvalitet gjennom heile livet, særleg i barne- og ungdomsalder.

Rampline

Rampline er ein norsk utviklar og leverandør av leike- og aktivitetsapparat til offentlege uterom. Bedrifta er eigd av Vidar og Maria Skavland. Dei hentar inspirasjon i norsk veslandsnatur og dyrkar ideen om å tilrettelegga for god balanse- og motorikkleik. Bedrifta held til på Talgje i Finnøy kommune og blei Gasellevinnar i 2018

– Me utfordrar den tradisjonelle leikeplassen med våre fleksible løysingar, fortel Vidar Skavland som er produktdesigner i Rampline. Han meiner det er viktig å legga til rette for aktivitet der folk ferdast, og fortel at dei blant anna har utvikla eit system som ikkje krev tiltak på bakkenivå (feste i bakken red.mrkn).

– Dette har blitt godt etterspurt i fleire byar i heile landet og viser seg å skapa mykje positiv aktivitet midt i bymiljøa. På Rådhusplassen i Oslo har besøkande dei siste åra kunne nytta seg av ein slik «mobil» leikepark frå Rampline. Maria fortel at Oslo kommune, som er Europeisk miljøhovustad satsar mykje på tilrettelegging av aktiviteter i byrom.

I utviklinga av Rampline-produkta har Maria og Vidar Skavland som mål å ikkje begrensa leiken til ein bestemt alder, men at borna veks med dei.

– Målet vårt er at alle skal kunne bruka apparata uavhengig av om ein har nedsett funksjonsevne, er ung, vaksen eller er jente eller gut. Dette gjer me ved å bruka kreativiteten vår og utvikla apparat som til dømes har enkel tilkomst og fleire bruksmåtar.

Maria og Vidar meiner og det er viktig å leggje betre til rette for leik og aktivitet også på ungdomskulenivå. Alt for mange sluttar å leike alt for tidleg, dei meiner det er for gale når ein veit kor viktig leik og fysisk aktivitet er for trivsel og utvikling i tillegg til å vere ein viktig sosial plattform.

I tillegg til å bli ein synleg og brukt aktør i Noreg opplever Rampline at produkta vekkjer interesse i utlandet, og Maria fortel at dei blir oppdaga via nettstaden som har resultert i leveransar av leikeapparat til New Zealand, Island, Danmark og Sverige. Ho fortel og at Norden er eit satsingsområdet for Rampline dei neste tre åra.

– I dag er me der me ønskte å vera for fem år sidan. Sidan den spede starten i 2010 har ho og mannen Vidar tatt steg for steg i utviklinga.

Frå å vera ein rein produktleverandør er dei i dag inne i prosessar der dei både utviklar og designar eigne konsept og spesialbestillingar på oppdrag.

– For oss er det stimulerande å få jobbe konseptuelt. Då er det den gode møteplassen, gjennomført design og godt tilrettelagt aktivitet som skal ivaretakast.

Maria og Vidar Skavland frå Talgje står bak Rampline, som produserer leike- og aktivitetsapparat til offentlege uterom. (Foto: Mikkel Meister)

Lokasjon på Talgje i Finnøy kommune er inga hindring for selskapet, som hentar mykje inspirasjon frå naturen rundt seg.

– Me har alt av utvikling og delproduksjon her på Talgje, men me er avhengige av produktdeler frå utlandet, fortel Maria.

Den positive utviklinga dei siste åra har og gjort at dei har tatt steget vidare og blitt 4 personar på heiltid. –Det er spennande å få fleire personar inn i verksemda vår, og heilt nødvendig for å utvikle oss vidare. Me er heldige med å få tak i gode lokale folk. På sikt håpar me på å bli fleire. Det er kjekt å vere fleire på lag, avsluttar ho. ■

Tilbake til toppen