Med på laget i det fireårige pilotprosjektet har Sauda VGS med seg lokalt næringsliv, med Norsk Stein i Suldal og Eramet i Sauda som dei største.
– Me hadde ikkje kome langt utan at næringslivet hadde vore med, understrekar prosjektleiar ved Sauda VGS, Hans Hylen Solberg. Han fortel at studiet har plass til 15 elevar og gjeld for all ungdom i Rogaland. Difor jobbar dei med å knyte til seg fleire bedrifter som tilbyr læreplasser både i og rundt Suldal og Sauda.
Det som er unikt med denne ordninga er at elevane frå fyrste år kombinerer studie med læreplass.
– Elevane vil få samla studiedagane hjå oss i Sauda slik at dei kan reisa heimatt og jobba i ei bedrift i eigen kommune om ønskeleg, understrekar Solberg. Sauda har elevinternat, der bukostnaden vil ligga på 3500 kroner per månad som blir dekka av bortebuarstipendet.
Ein av dei som er klar for å ta i mot YSK-elevar til hausten er produksjonsdirektør i Norsk Stein, Odd Hotvedt. Han er spent på dei langsiktige ringverknadane av det 4-årige Yrkes- og studiekompetansetilbodet.
– For oss dette god langsiktig tenking, understrekar Hotvedt. I tillegg til dagens læreordning som kvalifiserer til fagbrev, meiner han YSK-pilotprogrammet vil vera med å legga grunnlaget for rekruttering av framtidige leiarar, mellomleiarar, ingeniørar og sivilingeniørar i eiga bedrift for dei som ønskjer å gå vidare etter endt fagbrev. YSK – elevar vil ha eit betre grunnlag for vidare tekniske studiar enn elevar frå ordinær studiespesialiserande studietilbod.
Norsk Stein har mange års erfaring med å ta inn lærlingar og har i følge Hotvedt eit mål om at 10% av ordinær arbeidsstokk til ei kvar tid skal vera lærlingar. Med opptak kvart år har 6-8 lærlingar fått læreplass hjå bedrifta, som i dag er rett under 190 tilsette. Hotvedt fortel at det er rundt 220 som i alt har arbeidsplassen sin hjå Norsk Stein, om ein tek med korttidstilsette og underentreprenørar ved pukkverket i Suldal.
Hotvedt meiner det er strategisk å knytte til seg lærlingar som òg er klar for høgare utdanning. Slik kan ein og bidra til å sikre framtidig arbeidskraft og kompetanse til bedrifta og lokalsamfunnet etter endt studietid.
– Me reknar jo med at elevane vil ut og vidareutdanna seg, seier Hotvedt. Men for oss er det viktig at me har eit godt lokalt VGS-tilbod lokalt i Sauda som er med å sikra framtidig rekruttering og kompetansebygging lokalt. Sauda har lang tradisjon som industrikommune og Suldal er blitt større med åra. Då er det viktig å oppretthalda og halda på kompetansen i kommunen.
Hotvedt fortel at han har sett korleis dette studietilbodet , tidlegare kalla Tekniske og allmenne fag (TAF), har vore ein suksess ved Knarvik VGS i Hordaland i over 25 år . Dei viser til gode ringverknadar av studietilbodet ved at det løfta nivået ved bedriftene og bidrog sterkt til rekruttering av nøkkelpersonell.
Eg håpar prosjektet vil lukkast, seier Hotvedt. Det vil bli både ordinære opptaksrundar og læreplassøknad for dei som er interesserte. Me håper på å kunne tilby plass til 3-4 kvalifiserte søkjarar kvart år.
At dette vil krevja ekstra ressursar for Norsk Stein nektar ikkje Hotvedt for, men han understrekar at dei både er villige til å tenke nytt og bruke dei ressursane som krevs for å få dette i hamn.
Solberg fortel at tilbodet spring ut frå eit utviklingsprosjekt initiert av ordførarane i Suldal og Sauda kommune, Gerd Helen Bø og Asbjørn Birkeland. Dei har saman med Sauda VGS og lokale bedrifter blitt inspirert av tilsvarande studium ved Knarvik VGS i Hordaland, der dei har hausta gode resultat sidan oppstarten i 1992.
For Sauda VGS er tilbodet eit av fleire tiltak skulen har gjort opp gjennom åra for å sikra framtidig rekruttering av elevar til skulen ved å tilby unike og attraktive linjer for ungdom. Han fortel at av dagens elevmasse på vel 430 er 45% importelevar. Desse har skulen gjennom mange år rekruttert ved å tilby unike linjer som transportfag, ambulansesjåfør, park- og frikjøring, topp volley og villmarksliv.
Me er nøydd til å halda på for å kunne opprette ein av dei største kompetansebedriftene i kommunen som i dag tel 110 tilsette, fortel Solberg. ■