– Urteloftet er eit resultat av at eg ynskte å finne gode og reine salver til dei som har sensitiv hud. Det var ikkje lett å finne, dermed fann eg ut at det var best å lage dei sjølv. Dermed byrja eg på ein produktserie med økologiske hudprodukt. Oppskriftene er mine eigne, og eg lagar heime på kjøkkenet, fortel Nina og viser til at ho har brukt mykje tid på å finne gode leverandørar og ingrediensar med best mogleg kvalitet.
No har ho Honningsalve, såpene Oliven+Geitemelk, Sheasmør og Uraffinert Sheasmør på produktlista. I tillegg jobbar ho med å få klar jojobaolje, massasjeoljer, olje eller salve mot mygg og flått. Ho har til og med laga ein eigen te for Allmannajuvet i Sauda, den er basert på urter som veks i Allmannajuvet og luktar skog.
– Det tar tid å få produkta klare for marknaden, kvaliteten skal testast, ein skal designe logo og produktet skal bli godkjent og tryggleiksvurdert av mattilsynet. Produkta mine er også godkjent for barn under tre år.
Etter kurs er Nina no sertifisert som aromatouch behandlar, som er ei behandling der ein påfører olje på kroppen for å slappe av. Her kan Nina snart tilby timar til kundar. I tillegg sel ho nokre produkt frå andre, blant anna såpe frå Blome & Brakje. Nina sel produkta sine via eiga Facebook–side, Frisk & Rask Treningssenter i Sauda, Sauda Skisenter om vinteren. I tillegg reiser ho rundt på ein del messer og har stand.
– Tanken bak bedrifta er å gi folk eit alternativ til dei produkta me finn i daglegvarebutikk eller apotek. Eg er unormalt interessert i ingredienslister, og meiner barna våre blir utsett for for mange syntetiske produkt.
– Eit døme er og at mange barneprodukt inneheld «petroleumsingrediensar» som vaselin og parafin. Eg snakka ein gang med ei som jobba i kosmetikkbransjen, ho sa at dei aldri brukte slike ingrediensar fordi det ikkje var bra for huda. Kvifor skal barna då bli utsett for dette i omtrent alt som er laga for hud? Parafin og vaselin er billig fyllmasse, som verkar godt på kort sikt, men på lengre sikt tørkar ut huda, fordi det tettar porer og huda sin eigen fettproduksjon blir redusert. Slikt provoserer meg, fortel Nina.
Ho har lagt sjela si i denne produksjonen og det aller kjekkaste er når ho får tilbakemeldingar på at salvene fungerer. Ho har skapt sin eigen arbeidsplass, no ynskjer ho å utvikle den, kvardagen er delt mellom livet som bonde og gründer. Ho og mannen driv gard i Vanvik, med om lag 50 sauer og 20 ammekyr.
– Den største motivasjonen er at eg gjerne vil hjelpe andre. Det er skapartrong og lysten etter å vere i utvikling som driv meg. Vidare er eg oppteken av å være grøn og tilby mest mogleg skånsame, reine produkt. Berre det beste er godt nok, slår Nina fast. ■