Med håp i blikket

Harald Bjørkhaug (40) meiner det finst håp overalt. Gründeren, syklisten og fjellmannen drøymer om å gi jobb til dei som slit aller mest.

Frå
Mitt Ryfylke 2018 2
Mitt Ryfylke 2018 2

Tilsynelatande ser det ut som at Harald kan smile av det meste. Denne dagen ser han stadig på mobilen. Etter ein lang og varm sommar varslar nemleg Yr om regn, når han og kona Irene S Bjørkhaug skal ha hagefest og dobbel 40-årsdag. Moglege alternativ under tak blir sjekka ut og tida er kort. Men Harald smiler. Det skal meir til for å vippe gründeren, syklisten og fjellmannen av pinnen.

Han møter oss i døra til Hope Sykkelshop på Jørpeland med eit fast handtrykk. Sporty kledd opnar han døra og viser fram det som no er hovudkvarteret både for sykkelshopen og for Hope Active, der Harald tilbyr guida turar. Her står syklane på rekke og rad, under skiltet med den knallrose Hope-logoen. Lenger inne i lokalet er sykkelverkstaden der Harald fiksar det meste av utfordringar som kjem inn døra, sonen Jonathan (8) er komen, han er i full gang med å pakke ut og montere ein barnesykkel. Det er lett å sjå at 8-åringen har gjort dette før.

– Hope betyr jo håp på norsk, eg har alltid likt ordet håp, men Hope er også ein produsent av hub til sykkel, det er den greia alle spilene i hjulet går inn i og på norsk heter det nav. Det er eit samlingspunkt, og heilt avgjerande for at sykkelen skal gå framover.

– Eg tenker at slik er det også i våre liv, det er alltid håp for alle, sjølv om det ikkje alltid er slik ein opplever det. Me treng å vere sosiale, høyre til ein stad, ha eit samlingspunkt i kvardagen. Me kan sjølv bestemme kor raskt framover livet skal gå, nokre gonger må ein til og med reflektere bakover. Slik er det i mitt eige liv, no går det rette vegen, eg har ei sterk kjensle av å vere på rett plass her.

Harald Bjørkhaug (40)

Sivil status: Gift, tre barn
Aktuell: Har starta HOPE sykkelshop og HOPE Active på Jørpeland, jobbar og som guide.
Drøymer om: Eg drøymer om at eg lukkast med å få realisert dei tankene og ideane eg har for HOPE.
Førebilete: Det er svigerfar, ein god og klok mann, og ein oppmuntrande person som verkeleg stiller opp for andre.
Les: Terrengsykkel, Aktiv trening, UTE-magasinet og Strandbuen.
Høyrer på: Eg hadde ikkje trudd det var så mykje kul kristen musikk, min favorittar er Casting Crowns og Sam Smith.

Harald Bjørkhaug og kona har tre barn. Gabriel (12), Hermine (10) og Jonathan (8). I dag driv han si eiga bedrift, medan kona er sjukepleiarstudent og er ei av kvinnene som står bak organisasjonen «I mammas mage», der dei rådgir unge jenter som blir gravide og som fryktar at framtida som mor blir for vanskeleg. Både han og kona brenn for dei som ikkje har ein A4-kvardag og som gjerne treng å bli sett som menneske. Sjølv ynskjer Harald etter kvart å bygge opp sykkel-

shopen til ein arbeidsplass der dei som slit kan få bety noko i arbeidslivet.

Menneskelege relasjonar fascinerer meg, det har dei alltid gjort. Eg vil gjerne gi ei hjelpande hand til andre, samstundes som eg allereie no ser at eg ikkje klarer å handtere alt dette på eiga hand.

Målet er å bygge opp bedrifta utan hjelp, og til slutt klare å leve greitt av inntekta som sykkelreparatør, seljar og guide. Vegen fram har vore lang. Harald er utdanna økonom frå BI og har jobba med kostnadskontroll og prosjektstyring, både i bank og oljesektoren.

– Ein periode budde me i Oslo. Her prøvde me gründerlivet, der me starta Roll On Studios AS, innan SPA og hudpleie, dette var kona Irene sitt fag og bransje, eg var med i startfasen. Livet var hektisk, eg jobba som økonomisjef i Silver Pensjonsforsikring medan kona bygde dette opp. Og me fekk det til, fekk folk i jobb og mykje ansvar.

Sonen Jonathan (8) er òg ivrig med i sykkelbutikken, her er han i full gang med å pakke ut og montere ein barnesykkel.

Til slutt ville Harald tilbake til Jørpeland og Ryfylke.

– Eg ville heim igjen ja, eg ville kunne gå på butikken og seie hei til folk som såg meg. I storbyen opplevde me aldri det.  

Men å selje bedrifta i Oslo skulle vise seg å bli vanskeleg.

– Me var i samtalar med Celina Middelfart og hennar selskap, og trudde verkeleg det skulle kunne gå i boks, og avtalen var utforma. Men ein franchiseavtale lagde problem, og Middelfart snudde. Dermed hadde me ingen kjøpar, me måtte berre lukke dørene og reise heim til Jørpeland. Me mista mykje pengar, men det var ingenting å gjere med det, seier Harald tankefullt.

– Kva lærte de av det?

– Eg lærte at det er langt viktigare ting i livet enn pengar og jobb. Det er klart det var surt då, me skulle jo heim, kjøpe oss hus og bygge opp eit liv her. Det er ikkje så enkelt når ein står i det, men det går jo bra.

Heime på Jørpeland kjøpte paret hus, og Harald fekk seg jobb i Hjelmeland Sparebank før han i 2011 fekk jobb som prosjektstyringsleiar i oljeselskapet Fabricom. Det vart fem år i oljesirkuset før Harald mista jobben.

— Menneskelege relasjonar fascinerer meg, det har dei alltid gjort. Eg vil gjerne gi ei hjelpande hand til andre
[Harald Bjørkhaug]

– Eg forstod det tidleg, eigentleg etter første veka på jobb, og lurte på kor lenge eg fekk lov til å vere med. I slutten av 2016 rauk eg ut, og måtte gå nokre rundar med meg sjølv. Skulle eg ha ny jobb i sektoren måtte eg drikke mange kaffikoppar med personar i mitt ege nettverk, eller så kunne eg prøve noko heilt nytt. Eg hadde lenge hatt lyst til å bruke kroppen på ein annan måte i kvardagen, og sykkelinteressa har eg hatt med meg sidan konfirmasjonsalderen. Dermed kom ideen om sykkelverkstad og sykkel-shop, og guiding av turar, då var valet eigentleg enkelt, tanken om å kunne vere «ei hjelpande hand» for andre kom like etter.

I januar 2017 byrja livet som sjølvstendig næringsdrivande, med Preikestolen som den første arbeidsplassen. Han blei hyra inn av Stiftinga Preikestolen for å ta seg av turistar som kom på vinterstid til Preikestolen. Han møtte dei på parkeringsplassen, passa på at dei var godt nok kledde og følgde dei som ville det heile vegen opp. Han fekk tittelen fjellvoktar og hausta mykje ros for å bidra til at ein unngjekk ulukker og redningsaksjonar på den attraktive turiststien. I dag er han ferdig som fjellvoktar, men han leverer guida tenester til Boreal Travel, per i dag guida turar til Preikestolen. Her møter han turistar som har meir mot enn kondisjon, dei som er for dårleg kledde til turen og dei som fint klarer seg på eiga hand.

– Eg skulle guide eit ektepar frå Sør-Amerika som skulle til Preikestolen. Dei hadde kjøpt dyrt turutstyr, han var dataingeniør frå Guatemala, ho var frå Argentina. Eg såg det allereie i første kneika at han ikkje kom til å kome opp. Eg byrja allereie då å førebu han på at det kanskje ikkje var forsvarleg at han skulle nå toppen.  Omtrent halvvegs foreslo gjesten sjølv at han ville snu, men ville at eg skulle ta med kona heilt opp. Ho snakka ikkje engelsk, men me la i veg, og den gleda ho viste då ho kom til Preikestolen og tre kjøtt-meisar sette seg i handa hennar for å ete mat, det var heilt utruleg. Då me kom ned igjen hadde mannen laga eit hjarta i snøen der han måtte snu. Det var så ekte og fint, slår Harald fast. Han hugsar også dei fire kinesarane som  var tannlegestudentar i Tyskland, der hadde dei eigen tolk med seg til studiane, noko som viser at dei var vane med å leve eit liv i rikdom.

– Når dei sto på Preikestolen og eg såg kor begeistra dei var, då tenkte eg : dette er ekte glede.

Harald Bjørkhaug er ikkje berre sykkelmosjonist. Han har lang karriere bak seg med blant anna nesten siger i Fredagsbirken. Dagen etter blei det spurtoppgjer om klassesiger i det normale Birkebeinerrittet. Harald har også vunne MTB-pulja i Ryfylkerittet to gonger. Her heime er han stadig på jakt etter nye stiar for fjellsykling. I år sykla han også Master VM i terreng-

sykling i Andorra. Eit løp han har hatt planar om i tre år, men på grunn av ein hektisk kvardag kom først sjansen i år. Då tok han med seg heile familien på løp, der eit av høgdepunkta var å treffe verdsmeister Gunn Rita Dahle, og mimre om sykkelmiljøet på Jørpeland.

– Her fekk me oppleve seier til Gunn Rita, det er stort at ei godt vaksen dame frå Bjørheimsbygd vinn eit ritt i verdscup. Ungane fekk også møte verdsmeisteren i terrengsykling for herrar, Nino Schurter.  

– På grunn av at dette skulle vere ein familieferie, og ikkje berre handle om rittet så tok eg ikkje med eigen sykkel. Det skulle vise seg å ikkje vere så lurt, eg brukte jo fleire dagar for å finne meg ny sykkel der nede, det ordna seg i siste liten, seier Harald.

– Men neste år er eg klar igjen. Det handlar berre om å setje av nok tid til trening, seier han. Som regel er han å finne på treningstur eller fjelltur, han slit ikkje ut fjernkontrollen i heimen for å seie det slik.

Harald Bjørkhaug satsar på sykkelbutikk og guida sykkel- og fjellturar. Livet etter arbeidsåra i oljenæringa har vore spanande.

Ein dag i 2010 sto Harald i gangen og tok på seg sko, då kona lurte på om han hadde lyst til å bli med på eit Alphakurs, som er eit introduksjonskurs til kristendomen.

– Eg svarte ja, mest for å sleppe meir mas. Kona mi har jo alltid hatt gudstrua, men tida i Oslo gjorde at ho kom gradvis på avstand frå den kristne fellesskapen. Halvvegs i Alphakurset så hugsar eg at eg tenkte: eg kan ikkje tru på at Gud eksisterer når alt dette vonde skjer i verda. Men det vart planta noko trygt og godt i meg, ein indre ro kan ein kanskje kalle det. Etter det kurset har eg fått eit ekstra verdisett som kristen, seier Harald.

– Har du tvilt i etterkant?

– Eg har ikkje tvilt på trua, men eg har tvilt på om trua gir eit enklare liv. Det er ikkje slik at livet mitt etter eg blei kristen har vore ein «dans på roser», livet har alt innhald, eigne vurderingar og eigne val. Tura og verdiane gir meg ein helt konkret retning i livet sjølv om det går litt opp og ned. Det er framleis vanskeleg å sjå på verda, seier han.  

– Kor er du om fem år?

– Då har eg forhåpentlegvis ein hub med folk som bidreg i butikken og eg guidar turistar på sykkelturar, blant anna turar med el-sykkel både på Jørpeland og til Preikestolen. Eg håper også eg har en sykkel-kafe, sykling og kaffi høyrer saman. ■

Tilbake til toppen