Kom seg i salen

Få kan sitja seg til suksess. Slåke Møbelfabrikk kan greia det kunststykket med den nye Saddlestolen.

Frå
Mitt Ryfylke 2015 2
Mitt Ryfylke 2015 2

Saddle-stolen kom til som følgje av at verksemda feira 75 - års jubileum i 2013 og ville friska seg litt opp. Ein ville laga eit nytt stovemøbel med reine linjer, designa i Skandinavia.

Løyndomen er å bli sett av dei som betyr noko i møbelbransjen, å komma i dei store møbelmagasina og bli nemnt av dei store tonegjevande bloggarane.

Han er stolt møbelsnekkar og dagleg leiar, Alf Magne Rørheim. Stolen har fått enorm merksemd.

— Når ei lita bedrift som vår opplever noko slikt, viser det kva potensiale som ligg i produktet.

Den ferdige stolen blei første gong presentert for omverda under London Designfestival i september i fjor. Her blei produktet deira raskt snappa opp av eit nettbasert interiørmagasin (som har 75 millionar unike lesarar kvar månad) som eit av 25 produkt folk måtte få med seg på arrangementet.

Dagleg leiar Alf Magne Rørheim kan fortelja at Saddle-stolen mellom anna er seld til ambassaden i Bucuresti og Hå gamle prestegard. Interiørprogrammet «Tid For Hjem» på TV2 har også kjøpt stolen.

Ikkje lenge etterpå hamna Saddle på åttande plass av dei hundre hottaste møblane i magasinet Trendhunter si månadlege kåring.

Dei norske interiørmagasina har også alle gitt stolen omtale, og under varemessa i Lillestrøm i januar i år fekk stolen også stor merksemd.

Og då toppetasjen i Holmenkollen tidlegare i vinter som eit stunt blei innreia til leilegheit, hadde også ein Saddle fått ei sentral plassering i husværet.

— Me fann tidlegare i år ut at stolen var nemnt på rundt 200 ulike nettstader verda over, og han dukkar stadig opp nye plasser. På mange av omtalane måtte me bruka Google translate, og skjøna då nok til at alt var rosande omtale, seier han og smiler.

Å få eit nytt produkt inn på marknaden kan ta tid. Eit halvt år blir rekna som raskt, og det kan fort gå to utan at ein skal mista motet av den grunn.

Nøkkelen er at folk ser stolen mange nok gonger, slik at når dei kjem inn i ein møbelbutikk som sel han, skal dei dra kjensel på Saddle og deretter byrja å lura på om dette er noko for dei.

Saddle-stolen er eit påkosta produkt og kostar ein del. Difor vil også ofte prosessen frå kunden ser stolen i butikken til eit eventuelt kjøp ta noko tid, forklarer Rørheim.

— Kanskje må ein spara litt, eller venta til ein får pengar att på skatten. Og ikkje minst, ein må bestemma kva treslag og kva farge og stofftype stolen skal ha, seier han.

I rommet me står i er fleire Saddle-stolar utstilte. Og i eit hjørne ligg ei høg bunke med ulike stoffprøvar. Stolen blir laga i ask og eik, som anten er innsett med kvitolje eller naturolje. Eika kan ein også få innsett med såpe. Stoffet som blir brukt kjem frå ein norsk leverandør og ein dansk. Kunden kan velja mellom 4-5 ulike stofftypar, desse har kvar mellom 15 og 25 fargar. Her finn ein alt frå jordfargar til knallfargar. Slåke sel også stolen i fire ulike skinntypar.

Den dyraste varianten av Saddle kostar 18.500 kroner og er trekt med heilt ufarga og ubehandla naturhud. Den rimelegaste kostar 12 800 kroner.

Alf Magne Rørheim seier stolane er laga for å vera eit generasjonsmøbel. Ein har lagt ned mykje arbeid i å få til eit møbel som ikkje berre er fint å sjå på, men som også tåler bruk, og ikkje minst er godt å sitja i.

Og heile tida har naturlegvis dei tre designarane jobba tett i lag med Slåke Møbelfabrikk. Designarane er: Christoffer Angell, Øyvind Wyller og Simen Aarseth.

Det tok ikkje lange tida før Slåke Møbelfabrikk visste kva 75-års presangen skulle vera. I eit interiørmagasin såg dei bilete av prototypen på Saddle, utstilt i Milano 2012. Fabrikken tok straks kontakt med designarane bak stolen.

— Me følte oss litt små i starten, og me måtte kjempa om merksemda for fleire var interesserte i å få produsera stolen, men etter kvart fekk me napp. Også for designarane var det viktig at stolen skulle lagast i Norge, og hjå oss som berre laga jærstolen frå før, ville den nye stolen få stor merksemd, og ikkje drukna i mengda slik han lettare ville gjort hjå ein stor møbelprodusent, forklarer Rørheim.

Saddle blei vald med omhug, legg han til.

— Me ønskte nemleg ikkje å laga ein stol som minna om jærstolen og dermed konkurrera med oss sjølve. Poenget er å få eit spenn mellom produkta og laga noko heilt nytt og annleis enn jærstolen. Og det er ikkje snakk om å nedprioritera jærstolen fordi me nå har ein stol til å produsera. Begge produkta er like viktige for oss, understrekar han.

Trerama til ein ny Saddle-stol skal pressast saman. Alt er limt i hop, fortel Alf Magne Rørheim som tok over Slåke Møbelfabrikk i 2001.

Slåke starta prosessen med å få Saddle klar til marknaden i byrjinga av 2013, og har såleis brukt nesten to år på få til eit møbel som foreinar design og funksjonalitet på ein optimal måte.

Alf Magne brukte god tid på å  gå inn i møbelet for å sjå det frå innsida, som han seier. Ein del prøving og feiling måtte til, men Rørheim understrekar at det heile tida var ein prosess prega av positivitet mellom fabrikken og designarane.

Slåke sin første ferdige variant av stolen blei vist fram under Norsk Frukt– og Laksefest i 2014. Prototypen blei vist fram på festivalen året før.

For Slåke var målet å ta utgangspunkt i Hjelmeland når dei planla produksjonen av sitt nye produkt.

Per i dag blir montering og pussing av treverket gjort på møbelfabrikken i Hjelmeland. Noko av trearbeidet er sett til underleverandørar, men planen er å kunna gjera det meste trearbeidet lokalt, men førebels vil ein venta litt med å gjera dei nyinvesteringar som då trengst.

Stolen kan leverast i eit utal av fargenyansar. Det går med rundt tre kvadratmeter stoff for å trekka ein stol.

Stoffet blir sydd i Hjelmeland og i Stavanger. Putene og ryggane kjem frå Sykkylven.

Saddle blir seld i 5-6 butikkar i Stavanger, også i Oslo kan ein få kjøpt stolen fleire stader.

Rørheim ser lyst på framtida med tanke på all blesten stolen har fått nesten før nokon har rukke å setja seg i han.

Tilbake til toppen